Kva er ditt beste minne frå bokbåten?
Hugsar du første gong du kom om bord? Er det eit kulturprogram du aldri gløymer? Har du lånt ei bok som gav deg noko heilt spesielt? Er det eit møte om bord som har sett spor? Send oss ditt bokbåtminne innan 1. desember og vinn fine premiar!
Send oss ditt bokbåtminne i form av ei forteljing, eit kåseri, eit dikt, ei teikning, ein teikneserie, eit foto, ein fotoserie eller ein liten film innan 1. desember. Vinnarane og bidraga blir offentleggjort 14. desember her på nettstaden til bokbåten, i aviser m.m.
Vi kårar vinnarbidrag frå ein vaksen og eit barn, som får kvar sin bokstabel frå Norli bokhandel med nytt frå hausten, gåvekort på kr. 1000,- på bøker, lydbøker og anna, og i tillegg fleire overraskingar!
Juryen består av forfattarane og bokbåtveteranane Stig Holmås og Sylvelin Vatle, og representantar frå Hordaland fylkesbibliotek.
Send bidrag til:
fbib@post.hfk.no / Hordaland fylkesbibliotek, p.b. 7900, 5020 Bergen
Merk bidraget med namn, alder, adresse og tlf.nr.
Spørsmål kan rettast: lena.glesnes@post.hfk.no
Hordaland fylkesbibliotek arrangerer konkurransen ”Mitt bokbåtminne” i samband med 50-årsjubileet for bokbåten i fylket i haust. Norli bokhandel bidrar med bokpremiar.Sjølv om det er i Hordaland bokbåten har jubileum i år, ønskjer vi sjølvsagd bidrag frå alle og ein kvar, uansett kvar dei bur! :-)




