Hordaland
Kulturprogram våren 2010
Kulturprogramma på bokbåten er eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken i Hordaland, og får støtte frå Folkeakademiet.
TRØBBEL I TRAPESEN av og med Ola Bremnes
Kulturprogram frå 6. - 15. april
Kulturprogrammet om bord første delen av turen er trubadur og forfattar Ola Bremnes med framsyninga ”Trøbbel i trapesen”, basert på barneboka han har skrive med same tittel. Ola Bremnes har skrive bøker og manus til diverse framsyningar. Han har gitt ut 10 plater, mellom andre ”Gudene vet” og ”Livstegn”.
| Hovudpersonen i boka heiter Leif Boleros og er 10 år. Han og foreldra er akrobatar på eit sirkus. Leif er lei av sirkuslivet, og lurer på korleis det er å vere ”heilt vanleg” - ikkje ein berømt akrobat som alle kjenner igjen. Men korleis er det i grunnen å vere "heilt vanleg”, og å møte andre ”vanlege” born? Og kva hender med sirkuset når familien tek permisjon? Programmet høver best for skuleborn, og varar i omlag 25 minutt. |
RØDHETTE OG ULVEN med Eva Mørkeset
Kulturprogram om bord frå 16. til 26. april
Siste delen av vårens bokbåttur, er det Eva Mørkeset som står for kulturprogrammet, med framsyninga ”Rødhette og ulven”. Eva Mørkeset er utdanna skodespelar frå København og London. Ho driv teatergruppa ”Heightened Reality”, og arbeider som skodespelar, teaterlærar og dagleg leiar på Jugendteateret i Ålesund. "Rødhette og Ulven” er basert på originalversjonen av det kjende eventyret av Brødrene Grimm. I tilegg til Rødhette og bestemora hennar, får vi møte mellom andre den svoltne ulven Ivar frå Harstad og den modige jegaren Truls frå Tomrefjorden. Nokre av rollene blir spelt av dokker, resten av skodespelar Eva Mørkeset. Astrid Overaa har hatt regi på stykket. Framsyninga høver for born i alderen 2 - 12 år, og varar i omlag 30 minutt |




