Historikk
HistorikkIngen kan i dag seie heilt sikkert kven som først fekk ideen om eit flytande bibliotek, men vi veit at tanken blei utvikla og debattert i Hordaland biblioteklag fleire gonger i åra etter krigen. Fylket hadde mange små og avsidesliggjande kystsamfunn, og bygdefolk var vane med å lita på fiskebåtar, frakteskuter og passasjerbåtar.
Medan debatten om korleis bokbåtdrifta skulle realiserast gjekk, sette svenskane i gong drifta av ein liten bokbåt til øyane i skjergarden i Bohuslän. Inspirert av dette blei det sett saman eit arbeidsutval som fekk i oppdrag å lage ein plan for bokbåtverksemd i Hordaland. Under leiing av ein entusiastisk sjefsbibliotekar for Sentralbiblioteket i Hordaland Johannes Bygstad, blei retningsliner dregne opp og planlegginga av det praktiske var i gang.
Sentralbiblioteket sendte ut spørjeskjema til kystkommunane. Kjentfolk blei dregne inn og stoppestadene blei valde ut i samarbeid med formannskapskontor og bibliotekstyre. Overalt slutta folk opp om ideen. Takke vere full støtte og aktiv innsats frå Statens bibliotektilsyn, blei finansieringa ordna. Samstundes var ein på jakt etter ein båt som kunne gi rom for bibliotekverksemd og ha plass både til mannskap og bibliotekarar, som skulle leve og bu ombord. Båten måtte vere sjødyktig og utrusta slik at den kunne halde ruta. Valet fall på ”Abdulla”, ein 62 fot lang kutter som før hadde vore ”agentbåt” for seljarar som hadde livberga seg langs kysten.
Den første turen var i september 1959. På kvar einaste stoppestad var det fullt av folk på kaien, flagging og mange stader ordførarar og hornorkester. På halvannan månad vitja ”Abdulla” 150 bygder, og det blei lånt ut 7000 bøker. Våren 1960 vart detandre toktet gjennomført, og i åra som følgde viste utlånstala jamn og sikker auke. Bokbåten ønskte etterkvart å by på meir enn bøker. Ein delte ut studiemateriell og prøvde å organisere studieaktivitetar, men til filmframsyning, foredragsverksemd og forfattarkveldar var ”Abdulla” for liten. Det blei avertert etter eit større farty, og frå våren 1962 tok den 66 fot lange ”Fjordguide” over. Det blei halde barnetimar, vist film og skodespelaren Erik Svendsen samla fulle hus med kveldsprogrammet sitt. ”Fjordguide” gjorde tre tokt som bokbåt, og hausten 1963 blei den nybygde MS ”Epos” på 85 fot sett inn i drifta. Med ”Epos” byrja ein ny æra i bokbåten si historie. Verksemda blei utvida til å dekkje Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og kulturprogram blei fast innslag ombord. Etter nokre år blei bokstamma delt, og drifta blei administrert frå fylkesbiblioteka i Ålesund, Førde og Bergen. Kvart fylke har sine eigne bøker og bibliotekarar om bord.
Frå "Epos. Boka om bokbåten" av Stig Holmås og Helge Sunde.




