Den magiske kulen

Det kan kanskje høres ut som om dette er ei magisk fantasybok, men det er det nok ikkje!

Den magiske kulen handlar om alt det rare som skjer når ein nærmar seg tenåra,  men også om å vere forelska og kjensla av å vere annleis.
Boka handlar om Laura, klassens lesehest som er forelska i Anders, den kulaste guten i klassen. Laura får ein god ide om korleis ho skal få Anders til å legge merke til ho; Laura er flink til å lese og fortelje historier. Kanskje ei spanande spøkelsesforteljing er det som skal til? Spanande blir det også for lesaren som får historia ”med på kjøpet”.

Fin bok som er lettlest og høver for dei mellom 10 og 12 år.

NYNORSK / LETTLEST

Finn bok