Visste du dette om vulkanar?
Ein vulkan blir danna av magma som kjem nært opp mot jordas overflate. Magma er smelta stein som er under jordskorpa. Magma er under høgt trykk, og ved ei eit vulkanutbrot kjem magma opp til overflata i form av flytande lava som renn nedover fjellsida.
Den einaste vulkanen i Noreg heiter Beerenberg, og ligg på øya Jan Mayen. Denne vulkanen er faktisk den av dei aktive vulkanane på jorda som ligg lengst mot nord. Beerenberg hadde utbrot seinast i 1985. Tidlegare trudde forskarane at vulkanen var utslokka, men der tok dei feil.