Etter ein fantastisk jubileumstur er bokbåten klar for ein ny tur i Sogn og Fjordane. 2013 var eit flott år for bokbåten, i tillegg til jubileumsferda vart han nominert som eit av tre bibliotek til prisen Årets bibliotek 2013.
Frå 28. februar til 16. mars har bokbåten stopp 47 stader fordelt på 18 kommunar i Sogn og Fjordane. Også denne gongen vil jubileumsstoppa få vitjing av bokbåten.
Epos er som vanleg fullasta med ca 6 000 bøker og lydbøker for alle aldersgrupper, og bibliotekarar frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek vil gjera sitt for at alle lånarane skal finna høvelege bøker.
Denne gongen vil illustratør og forfattar Reidar Kjelsen stå for kulturprogrammet om bord. Han har med seg 2 ulike framsyningar som han vil bruka, alt etter alderen på publikum.