Bokbåten Epos legg frå kai i Hordaland

4. november legg bokbåten til kai ved Strøno i Os. Dette er første stad av 51 småplassar rundt om i fylket vårt som får besøk fram til 24. november. Born og vaksne som bur inst i ein fjordarm, langs kyststripa eller på øyar ut mot havet kan no sjå fram til påfyll av interessante og spanande bøker, gode lesetips frå bibliotekarane og kulturelle innslag av høg kvalitet. Besøkstala seier sitt om bokbåten sin betyding for hordalendingane: I fjor vitja 3700 store og små båten.

Det er sørdelen av fylket som får besøk først. Med på denne delen av turen er Siv Wyller som debuterte med barneboka “Hockeysveis fører til dårlige rim”. Det er denne boka ho har laga ei framsyning rundt. Her møter borna frisøren Lasse som elskar dansebandmusikk og er spesialist på å klippe hockeysveisar. Forfattaren formidlar boka med utgangspunkt i illustrasjonane, dikta og relevant dansebandmusikk. Framsyninga vert tilpassa litt etter aldersamansetninga på tilhøyrarane. Dette er ein viktig eigenskap for dei som står for kulturen på bokbåten, sidan dei ofte møter eit publikum frå 3 til 80 år.

hockeysveis

Også forfattaren Roald Kaldestad og musikaren Roy Ole Førland vil nok treffe mange «heime» gjennom formidlinga av den vakre og poetiske boka «269 dagar», som er skrive av Roald Kaldestad og fint illustrert av Bjørn Rune Lid. Boka vert formidla som ei live lydbok, med illustrasjonane på storskjerm, opplesing, musikk og lydkulisser. Kaldestad og Førland står for underhaldninga på nordturen, i tida 15. -24. november.

Personalet om bord gler seg til turen. Det å få møte så mange glade og oppstemde menneske, gjer kvar dag til ein festdag .