Bokbåten Epos turnérar i Hordaland i tida 5. - 25. november. I løpet av tre veker skal båten leggje til ved 53 kaiar, for at små og store kan klatre opp landgangen inn til sitt lokale, flytande kulturhus. To nye stader får besøk av oss denne hausten, Hellesøy i Øygarden kommune og Øystese i Kvam kommune. Med på turen er to kjenningar frå tidlegare: den sprelske forfattaren og illustratøren Reidar Kjelsen, deretter kjem Per Jostein Aarsand om bord med sine fengslande forteljingar.
Reidar Kjelsen er med på turen nord for Bergen. Framsyninga hans «Damer og demoner» er ei standupframsyning om det å vere forfattar og illustratør. Han brukar humor og utfordrar autoritetar når han fortel om yrket sitt, i tillegg til å presentere bøkene sine og originalillustrasjonane til desse. Eit høgdepunkt i framsyninga er det, når han teiknar monster etter instruksjonar frå dei besøkjande.
Per Jostein er med på turen sør for Bergen, med varme og humor fortel han den vakre historia om verdas snillast, men også sterkaste hund, Rocky. Per Jostein har med gitar, og alle er med og syng undervegs i framsyninga.
Denne hausten har vi fleire spannande tilskipingar om bord.
Når bokbåten klappar til kai i Gammersvik onsdag 5. november, har vi glede av å invitere til minikonsert med elevar frå Vaksdal kulturskule. Besøkjande må ta omsyn til vegarbeid på Stamnes, kl. 16.43 er det ope for passering, slik at ein rekk konserten kl. 17.00.
Torsdag 6. november, kl. 19.00 vert det litteraturkveld på Feste. Forfattaren Chris Tvedt samtaler med Alf Kåre Blindheim om kriminalromanen «Djevelens barn». I tillegg vert det ein liten quiz, enkel servering med kortreist mat frå Lyngheisenteret og innføring i bruk av E-lån Hordaland.
I Øystese har vi same programmet torsdag 20. november kl. 19.30, men her er det forfattaren Marit Eikemo vi møter og matserveringa er det Steinstø fruktgard som er ansvarleg for.
Alle – også dei som ikkje har høve til å kome om bord – kan følgje bokbåten Epos si ferd kring i fylket via nettstaden bokbaten. no eller på Facebook.
Velkomen om bord i Epos.
Kontaktpersonar i Hordaland:
Ruth Ørnholt, e-post: ruth.ornholt@hfk.no Tlf.: 95913398
Sigrid Furnes, e-post: sigrid.furnes@hfk.no Tlf: 90973941
Marit Gro Berge, e-post: MaritGro.Berge@lindas.kommune.no Tlf: 94816111
Bokbåten direkte: Tlf.: 9705476