Bokbåten fortsett nordover 16. oktober

Teikningar av 1.-3. klasse ved Hundeidvik Privatskule.

Sørturen er over og båten legg seg til kai for haustferien. Vi har vore heldige med veret. Det var heilt fantastisk første fem-seks dagane med opp til 20 grader. Så kom oktober, og det vart kaldare og gråare mot slutten av turen. Tross grått ver dei siste dagane, har det knapt vore bølger.

Mange kjekke folk har vore om bord. Vi har fått mykje god fisk til middag, besøk av Epus på Ramstaddal, og flotte teikningar på Hundeidvik.

No tek Bokbåten haustferie, men vi gler oss allereie til nordturen 16.oktober til 29.oktober.

Følg oss gjerne på Instagram, du finn oss med brukarnamnet @bokbatenepos

Ole gjer opp fisk på Vartdal