Bokbåten går ut i Møre og Romsdal for 50. gong!

Bokbåten Epos legg ut på ny tur i Møre og Romsdal tysdag 14. januar. I løpet av dei påfølgande 24 dagane skal 69 stader få besøk. Nye stopp i år er Vartdal og Åfarnes (om kaitilhøva er tilfredstillande).

I fjor haust feira båten 50-årsjubileum. Sidan det i år er 50 år sidan bokbåttenesta starta i Møre og Romsdal fortset vi litt med jubileumsfeiringa også i 2014.

Båten er som vanleg fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar til barnehagar og skular. Det nyaste er «stjernesekkar» som inneheld bøker og visuelle effektar om verdsrommet.

På denne turen har vi med oss to flotte formidlarar som kan «skreddersy» forestillingar til ulike aldersgrupper. Les meir om Torunn Tusj og Trygve Ramnefjell.

På Facebook (Bokbåten Epos) kan ein følge båten og sjå bilete og skildringar frå båten sin tur rundt om i fylk et.