Bokbåten Epos startar vårturen i Hordaland tysdag 5. mars på Strøno i Os kl. 09.00. I alt skal Epos innom 50 stader. Siste stopp blir i Hjellevåg på Osterøy 27. mars kl. 11.30.
Bokbåten Epos kjem først til den søre delen av fylket. Her skal båten innom 27 stoppestadar. Turen nordover i fylket har 23 stopp, og startar måndag 18. mars på Skogsvåg.
I tillegg til nye bøker og inspirerande lesetips har båten med seg eige kulturprogram.
På sørturen får vi møte Sofie og Elena frå Sverige og Italia som leikar med det verbale og det musikalske språket. I programmet finn vi musikk som er stille og musikk som har sterke kjensler. Nord møter sør, mørkre møter ljos, og dei viser korleis musikken kan skape venskap og føre folk saman.
Barna på nordturen får eit innblikk i norrøne og greske gudesegner med forteljar Marianne Stenerud og filosof Ingunaya Myhre. Programmet skal inspirere til undring og fantasi.
Det vert òg kulturelt påfyll for vaksne på båten: På Lunde kjem duoen Schlager og Kanari med populærmusikk frå 30- til 60-talet. Og på Glesvær får vi høyre Smooth Operators spele Bob Dylan.