Bokbåten Epos legg bak seg ei flott jubileumsferd i 2013 og stevnar vidare inn i 2014. Sjølv om det var 50 års-jubileum i fjor, er det det 52. året Epos legg frå kai som bokbåt i Hordaland, båten starta opp i vårt fylke alt i 1962.
Epos la frå kai i Bergen med kurs sørover 19. mars. Første stoppestaden var Strøno i Os kommune. Ikkje berre er Epos synonymt med Vestlandet sitt flytande bibliotek, om bord har vi også med oss allsidige Trond Magnum som engasjerer sitt publikum med song, gjøgling og trylling.
30. mars vender Epos baugen nordover. No får Nordhordland besøk, Trond Magnum har gått på land og forteljaren og songaren Per Jostein Aarsand har teke over som kulturutøvar om bord. Dermed er det duka for forteljingar om Rocky, verdas snillaste og gatas sterkaste hund.
Ynskjer du å følgje bokbåten på ferda? Du finn oss her: www.facebook.com/BokbatenEpos
Velkome om bord i Epos.