God start for haustturen i Os og Sunnhordlandsbassenget

Det har vore ein flott start på haustturen i Os og Sunnhordland. Godt besøk har vi hatt, både på dei store skulestoppa og på dei små helgestoppa. Det vert mykje liv og lått om bord, når Siv Wyller fortel om frisøren Lasse som elskar hokeysveisar og svensk dansebandmusikk.

Odd Nordstoga drog full båt i Leirvik på Stord. Høgtlesing om katten Pontus stod på programmet, i tillegg til song og musikk. Sjølvsagt enda det i allsong, små og store stordabuane kunne sin Nordstoga.