Haustturen er over

Ein hausttur i både storm og stille vêr langs Vestlandskysten er over. For første gong på over 50 år, fekk ikkje Sogn og Fjordane besøk av båten.

I dei to andre fylka var det full drift slik det plar vere. Gode utlånstal og besøk viser at båten er populær.

No har vi pause, men 26. januar er bokbåten på reis att. Då startar vinterturen i Møre og Romsdal. 26. februar er turen kome til Hordaland.

Takk til brukarane av båten for eit kjekt og inspirerande år.