Til innholdet


 

Bli med på jubileumsfeiringa!

I haust er det 50 år sidan bokbåten gjekk sin første tur i Hordaland. Frå 5. til 12. november er båten på jubileumstur nord i fylket og frå 15. til 27. november i sør.

"Mitt bokbåtminne"
er jubileumskonkurransen for folk i alle aldrar. Fristen går ut 1. desember og vi kårer to vinnarar som får kvar sine bokstablar, gåvekort m.m. I juryen sit mellom anna forfattarane og bokbåtveteranane Stig Holmås og Sylvelin Vatle. Les meir her

”Himmelspringaren” og ”Wergeland for dei minste”
Som kulturprogram på nordturen har vi med oss den prisløna forfattaren og illustratøren Sissel Horndal, som fortel frå ”Himmelspringaren” - ei historie med både glimt og brodd, om venskap, heltemot og saueliv. På sørturen blir det forteljarteater med framsyninga Wergeland for dei minste av og med skodespelar, manusforfattar og vise/folkesongar Karen Høie. Framsyningane høver for eit publikum frå omtrent 4 år og opp til og med mellomtrinnet. Les meir her

Nye stoppestader
Interessa for bokbåten er større enn nokon gong. Vi har gleda av å ønskje velkomen på to nye bokbåtstopp i haust; Lofthus i Ullensvang og Misje i Fjell kommune. Bokbåten har no 58 stoppestader i 22 av kommunane i Hordaland. Sjå heile ruta her

Jubileumsfeiring
Alle som besøker bokbåten på jubileumsturen vil merke at det er bursdag! Øv på bursdagssangen, ta med kake, kom om bord og bli med på feiringa!

Open dag på bokbåten
Laurdag 14. november ligg bokbåten ”Epos” til kai ved Blomstertorget i Bergen, og er open for alle som vil vere med å feire 50årsjubileet. Her blir det gratis familieframsyningar av ”Gjøglerkofferten” med dei to klovnane i Cirkus Sibylla kl. 12.30, kl. 14.00 og kl. 15.30 med sjonglering, trylletriks og anna moro!  

Historikk
Ingen kan i dag seie heilt sikkert kven som først fekk ideen om eit flytande bibliotek, men vi veit at tanken blei utvikla og debattert i Hordaland biblioteklag fleire gonger i åra etter krigen. Fylket hadde mange små og avsidesliggjande kystsamfunn, og bygdefolk var vane med å lita på fiskebåtar, frakteskuter og passasjerbåtar. Les meir her

Pressemelding 02.11.2009 Bokbat50jub.pdf

Besøk bokbåten på Facebook.


Velkomen om bord!