Til innholdet


 

Vellukka jubileumstur i Hordaland

Bokbåten har vore ute på hausttur i Hordaland og langs heile ruta vart 50.årsjubileet for bokbåttenesta i Hordaland feira! Det var ballongar og bollar, kake og blomar, flagg og stor stemning der båten la til kai.

Øv på bursdagssongen, ta med kake, kom om bord og bli med på feiringa av 50.årsjubileet for bokbåttenesta i Hordaland! Gjer spesielt stas på barna som er den aller største brukargruppa av bokbåten!”. Dette var oppmodingane til alle før bokbåten la ut på tur denne gongen. Frå fylkesbiblioteket si side lova vi å gjere vårt for at haustturneen i fylket skulle bli ein einaste lang bursdagsfest.

Oppmodingane blei tatt til følgje og meir til! Frå 4. til 27. november vart jubileet feira med glade bursdagsgjestar langs heile ruta frå morgon til kveld. Dei kom om bord med flagg, song, talar, bollar, kake, teikningar, dikt, bøker, blomar, konfekt, hummar og andre flotte gåver. Bokbåten var bursdagspynta på alle kantar og alle som kom om bord fekk bursdagskort og blå ”Bokbåten Epos”-ballongar.

Det totale utlånet i 2009 frå bokbåten i Hordaland var på 29748 utlån, dette er meir enn 6000 fleire enn det var for berre fire år sidan. Dei kulturelle innslaga er også populære, talet på publikum har auka frå 1917 publikummarar i 2005 til totalt 3421 publikummarar i 2009.