Til innholdet


 

Hausttur med bokbåten i Sogn og Fjordane

Frå fredag 21. oktober til søndag 6. november turnerer bokbåten i Sogn og Fjordane. Han skal innom 39 stader fordelt på 17 kommunar. Nye stoppestader denne gongen er Vevring og Årdalstangen.

 

Bokbåten har plass til nærare 6 000 bøker for barn og vaksne, og bokutvalet er allsidig.

Sjølv om bøkene kanskje er det viktigaste, er kulturprogramma ombord ein populær del av bokbåten sitt tilbod. Denne gongen er det Per Jostein Aarsand frå Fortellerhuset som vil syna framsyninga Skumle skrømt og morosame minne.

Vel møtt til hausttur med bokbåten Epos!