Vintertur 2012 for Møre og Romsdal
Etter snart 50 år med bøker og kulturprogram langs kysten vår, er Bokbåten Epos stadig like populær, og no er det klart for nytt vintertokt. Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram skal leggje til kai nesten 70 stadar i Møre og Romsdal frå 25. januar til 17. februar.
Det flytande biblioteket er som vanleg fylt med bøker for alle aldersgrupper,og om bord vil publikum få hjelp til å velje bøker, og skolar og barnehagar
kan også bestille bokkasser som kan hentast når båten kjem.
Bokbåten er også eit flytande kulturtilbod med familieprogram, og på denne
vinterturen får publikum m.a. oppleve dette:
Forfattarbesøk med Christin Grilstad Prøis Frå 25. januar til 1. februar:
Gjennom førestillinga blir ein gjennom forteljing, song og musikk kjent med Heksagon
og hennar beste og einaste venn, klovnen Boboz. Christin skriv barnebøker, høyrespel,
dramatikk og serieromanar, og ho spelar ofte sjølv figurane i bøkene sine. Og kven veit;
kanskje dukkar sjølvaste Heksagon opp på Bokbåten?
«I Regnbuens Farger» med Klovnen Knut Frå 2. februar til 17. februar
Klovnen Knut har gjennom åra gitt mange barn i fylket vårt gode opplevingar på Bokbåten,
og det er gledeleg å få han med igjen på denne turen. Stykket han har med i år;
"I Regnbuens Farger", er fylt av humor, tryll, musikalske sprell og pussige eksperiment.
Kvar kjem fargane frå? Korleis får ting farge? Klovnen Knut er utdanna førskolelærar,
men jobbar heiltid som klovn/gjøglar og 'tullekunstnar'.
Møre og Romsdal fylkesbibliotek ønskjer vel møtt om bord i Bokbåten!