Hordaland

Kulturprogram hausten 2011.
Kulturprogramma på bokbåten er eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken i Hordaland, og får støtte frå Folkeakademiet.
Det Magiske Skrinet
med Nina Næsheim
Kulturprogram frå 9. - 22. november
|
DET MAGISKE SKRINET Nina har arva eit magisk skrin av morfaren sin, som var sjømann og reiste rundt i heile verda i mange, mange år. I skrinet finst det små gjenstandar som kvar har si historie, forteljingar frå fjern og nær, for liten og for stor. Og endåtil kan det dukke opp song og musikk. Men nokre gongar vil rett og slett ikkje skrinet opne seg, og då må det litt magi til. Ei forteljarframsyning med song og musikk som passar best for barn i skulealder. Nina Næsheim har drive på med underholdning i over 25 år, og sidan 2000 med forteljing. Ho har hatt framsyningar og forteljarkurs for små og store i inn og utland. Utdanninga har hun teke i England, og ho bur no i fødebyen Stavanger. Nina bruker ofte song og musikk i framsyningane sine, og stemninga er prega av lun humor. Sjå også: www.fortellernina.noProgrammet varer i om lag 30 minutt.
|
Kulturprogram om bord frå 22. til 29. november
BOKstavelig talt med Trond Magnum
BOKstavelig talt I høve leseåret 2010 laga Abrakadabra Teateret ”BOKstavelig talt”. Det er ei humoristisk framsyning for å fremje leselyst og leseglede. Her får du smakebitar frå nokre bøker og litt song, musikk og regler. Trond Magnum har også med seg ein moderne versjon av eventyret om dei tre bukkane Bruse og nokre overraskingar. Framsyninga passar for små og store, frå 4 år og oppover. Trond Magnum har skrive teksten og er skodespelar. Regien er ved Annemor Magnum Produsent er Abrakadabra Teatret. Programmet varer i om lag 30 minutt. |