Til innholdet


 

2006

Hordaland fylkeskommune

HORDALAND hausten 2006

Kulturprogramma på bokbåten er eit samarbeid med Den kulturelle skolesekken i Hordaland, og får støtte frå Folkeakademiet.

Kulturprogram sørtur 8. - 19. november
Roald Kaldestad med "Heavykatten"

På sørturen vil forfattar og musikar Roald Kaldestad lese og fortelje frå dei tre bøkene han har skrive om Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Philip. Han vil også spela opptak av bøkene frå Barnetimen for dei minste.

Om forfattaren:
Det er alltid to ting som spesielt har oppteke Roald (utanom jenter då, men det er vel ikkje vits i å seia): Gitaren og skrivinga. Omtrent samtidig med at han lærte å spela gitar fann han ut at han likte å skriva. Han var med i haugevis av band der han også var låtskrivar. Så ein dag fekk han ein snedig ide. Kva om han blanda dei to hovudinteressene sine. Kva om han rett og slett skreiv ei bok om musikk? Tanken på ein katt som digga heavy slo ned i han nesten i same stunda, og så balla det på seg. Han skreiv så det stod etter og sende manus til tre forlag. I 2000 kom boka ”Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip” ut på Cappelen. Sidan har det blitt to bøker til om dei tre små dyra; ”Reven Ruben” kom i 2001 og ”Polkagrisen” kom i 2003. To av bøkene har vore i Barnetimen på NRK. I 2004 kom eit samlealbum med alle tre bøkene under tittelen ”Heavykatten”. I år har Roald gitt ut biletboka "Englefjell" saman med Øyvind Torseter.

Programmet høver best for born i grunnskulen.

Kulturprogram nordtur 20. - 27. november
Håkon Vatle med "Ein sjantifant på tokt"

På nordturen vil Håkon Vatle få tilhøyrarane med på ramsalte sjantiar, og fortelje om livet til sjøs om bord på seglskutene. Vatle er både dramapedagog, songar, musikar, seglskutemann og forteljar. Framsyninga ”Ein sjantifant på tokt” skal få borna til å reflektere over deira lokale tilknyting til havet, og korleis lokalmiljøet har livnært seg opp gjennom tidene av arbeid knytt til båtliv, sjøliv eller fiske.

”Ein sjantifant på tokt” er ei framsyning som inneheldt song- og musikktradisjonen sjanti, forteljekunst og segner, kystkultur og sjømannshistorie. Tilhøyrarane får vere med og syngje, dei får høyre historier om fyrstereisguten og hans harde kvardag blant mannskapet om bord, om sjørøvarar og sjantimenn, og heimkomst med silkesjal og andre flotte gåver til familie og kjæraste. Gjennom framsyninga flettar Vatle inn eigne erfaringar frå den tida han har hatt hyre om bord på SS Statsraad Lehmkuhl.

Programmet høver best for born i grunnskulen.

 

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune

SOGN OG FJORDANE hausten 2006

Abrakadabra teatret: Urokråka

I samarbeid med Sogn og Fjordane folkeakademi har Sogn og Fjordane fylkesbibliotek denne gongen hyrt Trond Magnum frå Abrakadabra teatret til å visa teaterstykket ”Urokråka”.

”Urokråka” handlar om Andersen og hunden hans som ofte er i parken og matar endene. Der møter dei mange andre, vaksne og barn, og Andersen og hunden hans føler ofte at det er noko dei saknar i livet. Men dei veit ikkje heilt kva.

Så ein dag får dei ei urokråke som dei må ta seg av. Det er ikkje alltid like lett korkje for Andersen eller urokråka. Det er mykje ei urokråke skal læra, som å læra seg å flyga høgt og langt, eta fint, passa seg for alt som er farleg - og verda er jo full av farer… Ho skal og læra seg å omgå andre – ikkje ulikt oss menneske!

Abrakadabra teatret er ei fri teatergruppe som har halde på i 30 år! Teatret har 2 faste medlemmer, men det er berre Trond Magnum som vert med på bokbåten. Han har også tidlegare vore med bokbåten i Sogn og Fjordane, med andre framsyningar. Abrakadabra teatret er opptekne av at barn og vaksne skal oppleva ting saman, og humor pregar dei fleste av framsyningane deira.

”Urokråka” passar for vaksne og barn frå 4 år og oppover.
Framsyninga varer omlag 35 min.

Alle er hjarteleg velkomne om bord!

 

 

 

MØRE OG ROMSDAL hausten 2006

Sørturen

På sørturen 18.9. - 25.9. er det Bjørn F. Rørvik med forestillinga "Revestrekar" som er med. Han er forfattar og vil fortelje dei absurde og surrealistiske historiene om Reven og Grisungen. Rørvik kjem frå Hadeland og har filmutdanning frå medielinja i Volda. Han har arbeidd i gartneri, som kinomaskinist og med film og kino for born. Han likar å fiske abbor, henge opp fuglekassar og plukke bær. Han har gitt ut bøker som m.a. ”Rebusløpet”, ”Konglesugaren” og ”Kumatpakkane".

Nordtur

F.o.m. 26. sept. går båten nordover mot Romsdal, og da er Eva Mørkeset ombord med førestillinga "Rødehette og ulven". Ho er utdanna skodespelar frå Danmark og England. Ho har arbeidd 12 år i London som frilans skodespelar, og har dei siste tre åra undervist på Ålesund kunstskole. Ho arbeider også ved Jugendteateret, eit barne- og ungdomsteater i Ålesund, og driv ei teatergruppe ”Heightened Reality” som produserer eigne framsyningar. "Rødehette og ulven" er eit dokketeater som tar utgangspunkt i den tradisjonelle historia, men der forfattaren har gjort nokre kunstnariske vriar. Ei morosam framsyning for heile familien.

F.o.m. 5. okt. er Håkon Vatle ombord med førestillinga "Ein sjantifant på tokt". Håkon Vatle frå Stord er forsongar og grunnleggjar i koret "Storm weather" . "Storm weather shanty choir" vart starta i oktober 2000. Bakgrunnen for denne musikken har han frå seglskipet ”Statsraad Lehmkuhl”, der han har hatt hyre kvar sesong sidan 1997. Våren 2005 fullførte han også mastergrad på sjantiar ved Raulandsakademiet. Han vil få publikum med på ramsalte sjantiar og fortelje om livet til sjøs om bord på seglskutene. Vatle er både dramapedagog, songar, musikar, seglskutemann og forteljar. "Ein sjantifant på tokt” inneheldt song- og musikktradisjonen sjanti, forteljekunst og segner, kystkultur og sjømannshistorie.