Om bokbåten
Frå hausten 1959 vart bokbåten eit tilbod til folk i Hordaland. Dei første åra var det ei skute med namnet Abdulla som sørga for bøker og kultur. I 1963 tok den 80 fot lange bokbåten Epos over.
I dag er Epos eigd av Vinnes Skyssbåtservice AS. Båten blir leigd inn som bokbåt i haust og vindersesongen, og fungerer elles som turistbåt.
Bokbåttenesta er eit samarbeidstiltak mellom fylka Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Båten går til dei små plassane på Vestlandet som elles ikkje har bibliotektenester.
I 2005 hadde bokbåten 126 driftsdagar fordelt på dei tre fylka. Totalt utlån var 53 300.
To gonger i året besøker Epos både øyar ytst i havgapet og bygder inne i fjordane. Kvart stopp har ein kontaktperson som tek i land 200 - 400 bøker og lydbøker. Denne samlinga fungerer som eit bibliotek på staden til bokbåten kjem att neste gong.
Det er stor stas når bokbåten kjem. Skuleklassar eller heile skular kjem om bord i båten. Born og eldre er dei største brukargruppene.
Dei fleste plassane er det kulturpogram om bord på båten. Nokre gonger er det forfattarar som fortel frå bøkene sine, andre gonger er det musikk, teater, klovnar eller sirkus! Kulturprogramma er retta mot born og passar for heile familien.