Barstadvik er ei bygd på Vartdalsstranda i Ørsta kommune på Sunnmøre.
Barstadvik er ein dal med godt jordbruksland i dalbotnen og høge fjell på kvar side av dalen. Barstaddalen ligg nord-sør mot Storfjorden i nord.
På vestsida av dalen ligg fjellet Klovekinn med den karakteristiske Masdalskloven med toppen Klovetinden 949 moh. På austsida av dalen ligg Romestrandshornet 911 moh. og Ramoen 1419 moh. Ein sidedal til Barstaddalen er Molladalen, ein dalbotn omkransa av høgalpint landskap med piggar og taggar som vert mykje brukt av fjellklatrarar.
Barstadvik har barneskule og samvirkelag med bensinpumper. Barstadvik har eige vassverk ved Romestrand. Bygda har og eige kloakknett. Bygda har landpostbod. Bygda bygde på 60-talet nytt stort samfunnshus etter at det gamle brann ned nokre år tidlegare. Det nye ligg i tilknytning til barneskulen.
E39 går gjennom bygda. Fylkesveg 069, 5,6 kilometer, går på båe sider av dalføret. Lengst mot sør går det bomveg til Barstadsetra. Her går merka rås til Molladalen. Til Ålesund kjem ein om ein tek ferje frå Festøy til Solevågen.
(Kjelde: Wikipedia. Foto: Andrva og Hans Edvard Sunde CC3.0 Wikipedia.)