Dyrebare venner

Faktabok om dyr. På baksida av boka står det litt om kva ho handlar om: "Har du ein venn? Ein venn som vil dele med deg? Og hjelpe deg når du er i fare? Dei fleste menneske synest det er fint og trygt å ha venner. Men mange dyr er og avhengige av at nokon hjelper dei eller samarbeider med dei."

Ute i naturen er det så og seie livsviktig å samarbeide for å overleve. Dyr treng vener og samarbeidspartnarar for å få livet til å fungere. Du har kanskje sett fuglar som sit på ryggen til bøflar eller sebraer i tv-program frå dyrelivet i Afrika? Kanskje ikkje så heilt naturleg at desse fuglane hjelper sebraer og bøflar med å halde skinnet reint? Men slik er det i naturen. 

I same serien om dyr har Erna Osland skreve bøkene Skarpe tenner og Fint å ha far. NYNORSK.

Finn bok