Sola skin!

I dag er eg attende ombord på bokbåten og eg gler meg til å sigle på bokbåttur att!

No skal bokbåten vitje stadar nord i Hordaland og me skal innom stadar som Feste, Hernar og Matre. Det har eg sett på kartet! Eg har forresten fått mange flotte svar på konkurransen og eg gler meg til å trekkje vinnaren!

Ein ting til sist, då eg var på påskeferie var eg innom ein plass der det hang mange bilete på veggen - eg trur det var eit slags kunstgalleri. Og då kom eg på at eg måtte minne alle saman om at de kan sende inn teikningar til meg som eg kan leggje ut her på sidene til bokbåtklubben. Dei kan sendast på post til :

Bokbåtklubben, Hordaland Fylkesbibliotek, Postboks 7900, 5020 Bergen.

eller

Bokbåtklubben, Møre og Romsdal Fylkesbibliotek, Postboks 1320, 6001 Ålesund

eller

Bokbåtklubben,Sogn og Fjordane Fylkesbibliotek,  Postboks 144, 6801 Førde