Ferie!

Eg har reist på ferie! Sidan eg er så glad i bøker har eg bestemt meg for å reise frå bibliotek til bibliotek - heile sumaren!Eg reiser frå Hordaland, så til Sogn og Fjordane og til sist endar eg opp i Møre og Romsdal.

Eg gler meg til å sjå både store og små bibliotek!

Planen min er å snike meg inn i biblioteka rett før stengetid og så kan eg være der heile natta. Eg er nemleg litt sjenert og har ikkje lyst å være på biblioteka om dagen når det er så mange folk der. Dessutan er eg jo også eit nattdyr og likar godt å rusle rundt om natta! Så om du ser ein kattehale snike seg inn på eit bibliotek i sumar då er det sikkert er meg!