Ljos i mørkret

Epos har pynta seg for jubileum og det så fint og koseleg!

Eg har god bruk for det gode nattsynet mitt for tida. Det er mørkt frå tidleg kveld til seint om morgonen. Kapteinen ombord på bokbåten har gjort noko flott! Han har hengt opp ei ljosrekke på Epos, ja det er nesten som Epos sjølv har pynta seg for jubileet dei feirar i Hordaland. Ljosrekka strekk seg frå styrhuset til akter, det så fint og koseleg, nesten litt som juletrepynt.

Veit du kva?

Dei har ein konkurranse der ein kan sende inn sitt bokbåtminne og så kan ein vinne flotte premiar! Eg har tenkt at eg anten skal sende inn minnet om den gongen me fekk ein flygefisk ombord, eller kanskje den gongen eg datt i sjøen på Bulandet?