Julestemning
Eg har tatt juleferie! Kattar likar veldig godt feriar, då kan ein nemleg gjere nett det som ein likar aller best. Noko av det beste eg veit er jo å reise, så no sit eg i lasterommet på eit skip som siglar til Rotterdam der eg skal feire jul med kusina mi, Pusine.
Det var kjempekjekt å vere med bokbåten i Hordaland, sjøl om eg synes det var litt mange ballongar overalt. Bokbåten har fått veldig mange gåver og sikkert meir enn 100 fine teikningar! Og tenk kor kjekt det var då eg såg at mange hadde teikna meg med ombord på bokbåten! Men, no høyrer eg at det kjem nokon taslande her - eg trur kanskje det er skipshunden, så eg må skunde meg å finne ein god gøymestad. Ha det godt så lenge og god jul!