Boktips
Himmelspringaren
I Gullullafjøset vart det født eit annleis lam, eit lilla lam ingen før hadde sett maken til. Det er nesten ingen, ikkje eingong mora, som vil ha noko med Lilla å gjere. Ho er ikkje som dei, og dermed får ho ikkje vere med til fjells den sommaren. Derimot må ho leve att heime som flaskelam. Berre Gamalsauen tek seg av Lilla, og saman fer dei til fjells likevel. Men der gjere Lilla noko ingen av sauene har gjort før henne…
Dette er ei nydelig biletbok om å ha mot og om å være annleis. Den kan minne om Ruffen – sjøormen som ikkje kunne symje. At handlinga er lagt til ein gard på vestlandet, gjer nok at mange barn kan kjenne seg litt att i handlinga. Bildane er flotte og fortel meir om handlinga, enn bare det som står i teksten.
NYNORSKHombabo og jeg mater fuglene
Bli med på ei tidsreise til juratida for å sjå på dinosaurar!
Denne boka handlar om lesehesten Inga og kjempen Hombabo som legg ut på ein liten kveldstur til juratida. Dei ønskjer å finne ut om stegosaurusen verkelig hadde oransje snuter eller ei. På vei dit tar dei et lite stopp ved slaget på stiklestad og stikker innom nokre holebuarar undervegs.
Ei fin historie om lesing og om å drøyme seg litt vekk. Bilete og tekst gjer ein slags kjensle av å sjølv vere med på tidreisa til Inga og Hombabo. Boka er en del av en ny serie med lettlest bøker kallt PLUSS Gode bøker – gøy å lese. Boka har mellomstor tekst, korte kapitla og fine teikningar. Bokmål
Antboy: Pissemaurbittet
Dette er boka om Pelle, skulens mobbeoffer nummer ein, som ein dag får superkrefter! Slik "Spiderman" blir bitt av ein edderkopp, blir Pelle bitt av ein tissemaur. Men kva slags superkrefter får ein eigentlig av ein stråleinfisert maur? Ganske utrulege krefter viser det seg. Med eit kan Pelle springe kjemperaskt, løfte minst 100 gongar si eiga vekt og til og med krype opp vegger! Nå ser han sitt snitt til å ta hemn over alle dei som har plaga han, samtidig som han kan vere superhelt i det skjulte. Men det viser seg snart at det å få plutselige superkrefter også har sine ulemper.
Ei kjempegod bok som minner litt om Gummi-Tarzan med både humor og alvor. Passer spesielt bra for guter i alderen 10-12 år. Boka har teikneserie illustrasjonar og er på bokmål. Dette er første bok i serien.
Tim Brentloffs eventyr
Tim Brentloff er på veg med Rutebåten til tanta si som bor nordpå, då dei hamnar midt i ein storm og Tim vert kasta på sjøen. Noko magisk skjer og plutselig finn Tim seg på et helt anna sted til ei helt anna tid. Les om Tims forunderlige reise tur/retur Nivlheim kor han møter både ekornet Ratatosk, dragen Grendel, ormen Nidhogg og villhunden Garm. Dette er eit magisk univers med fortryllande fotomodellar, trollsongar og magiske ord. Magi som ein bere får tilgang til ved å lese boka…
Vil du lese ei morosam og spennande bok, og som også er litt annleis, er dette boka for deg. Den er annleis fordi den har innslag av norrøn mytologi, andre språk og har ein forteljar som gjer historia frisk og levande.
Du kan lese meir om Tim Brentloff i dei to bøkene Fenrisulvens forbannelse (2006) og Skatten i Dragegrotta (2008)
NYNORSK
Passord: Spøkelse
Ei skattkiste for deg som likar nifse, spennande og uhyggelege historier: Stor og skummel, og gjennomillustrert i fargar. Heile 15 grøssande forteljingar i frå forfattarar frå alle dei nordiske landa. Dei norske bidraga er frå Ragnar Hovland og Atle Hansen.
Ei av forteljingane er skrevet av danske Lene Kaaberbøl og heiter ”Jenta i elden”. Den handlar om 9 år gamle Sebastian som skal feire St. hans hos onkelen sin i Trollheia. Medan dei vaksne er opptekne med å rigga til fest, går Sebastian rundt og kjedar seg. Plutseleg kjem det eit kraftig vindkast og med eitt får han ein kjensle av å ikkje vere aleine…
Boka høver også godt for barn i 6-7 klasse
NYNORSK
Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet Pappkartongen
-Veit du Alfred?
-Ka då?
-Du har kanskje lege så lenge i Pappkartongen at du har gløymt korleis det er å vere glad?
Bjørnen Alfred og hunden Samuel vaknar ein morgon og finn seg sjølve attgløymde i ein pappkartong. Langsamt kjem dei til å hugse på litt av det som hende Før i Tida, den gongen Ole-Martin tok dei med i senga og ein som heitte Gerhardsen styrte landet. Dei legg i veg for å leite etter Ole-Martin, og kjem opp i mange farlege eventyr …
Dei to kosedyra er ikkje alltid einige og dei kranglar litt, kanskje fordi dei er redde for kva som ventar dei utanfor Pappkartongen. Men dei merkar snart at det er tryggleik i å ha kvarandre og at det kan hjelpe å fortelje kvarandre små historier. Vennskapen mellom dei to førar til mange morosame hendingar, samtidig som det også er rom for ettertanke: korleis kan to kosedyr plutseleg vakne til liv og korleis kan det ha seg at ein kosebamse kan fryse eller føle seg svolten?
Lese sjølv eller i lag med ein vaksen - dette er ei god bok som mange vil ha glede av.
NYNORSK
De tre prinsessene i berget det blå
Kongen og dronningas etterlengta døtte får ikkje lov til å gå ut av slottet før dei har fylt 15 år. Men ein dag - like før femtenårsdagen - klarar dei å lure seg ut, og ein ond spådommen slår til: Dei blir tatt av en forferdeleg snøstorm. To offiserar i Kongens gardes musikkorps blir sende ut for å redde prinsessene, men den som verkeleg klarar å redde dei er en liten helt som ser ut som litlebroren til den tapre soldat Sveik. Dei sleipe offiserane prøvar å ta æra, men dei blir grundig avslørt!Ein teikneserie berekna på mellomtrinnet, men ei fin historie for både små og store.
Budda 1
Vi møtar Chapra er ein ung slave som gjer opprør mot kastesystemet som han vart fødd inn i. Tatta er ein kastelaus villstyring, som kan kommunisere med dyr. Og også munken Naradatta som strevar etter å avsløre meininga bak nokon merkelege forvarsla. Så blir eit barn fødd. Barnet får namnet Siddhartha, og vil snart forandre heie verda.Ei forteljing om buddhisme, Søraust-Asia og historia om landet. Teikneserien er spennande, litt morosam, men fyst og fremst ei veldig fin historie. Boka er den fyste av 7-8 bind, men fungerar også bra som ei frittståande forteljing.
Innhaldet i boka passar godt for ungdomsskulen, då den omhandlar pensum på ungdomsskulen. Men kan fint lesast av både moden ungdom og av vaksne.
Espens hemmelige dagbok: Løvejakten
Espen blir 9 år, men får ei litt spesiell feiring. Han har akkurat flytta til ein ny plass, og kjennar ingen. Den einaste som kjem i bursdag til han er den fæle tanta til Espen, Bertine. Han gledar seg ikkje til å ha bursdag!Men i det han vaknar opp, finn han eit mystisk brev som ber han følje ein grøn, flyvande flodhest. Då må han velje mellom å feire bursdag saman med tante Bertine eller å vere med på eit spennande, men skummelt eventyr for å redde verda!
Boka er morosam og spennande. Ein flott teikneserie for dei på mellomtrinnet.
Frekke Fredrik
Frekke Fredrik er ein lat gut som gjer akkurat det som passar han. Han vil ikkje gjere noko, og ønskjer berre å få det han har lyst på. Les boka og sjå korleis det går !
BOKMÅL - BILLEDBOK