Bokbåten

Ruter

To gonger i året besøker Epos både øyar ytst i havgapet og bygder inne i fjordane. Ein tur er i månadane januar til april og den andre i månadane september til november.

I 2008 har bokbåten 53 stopp fordelt på 22 kommunar i Hordaland. I Sogn og Fjordane vitjar båten 40 stader fordelt på 13 kommunar. I Møre og Romsdal er det 70 stoppestader fordelt på 23 kommunar.

Hordaland: rute våren 2009
Sogn og Fjordane: rute hausten 2009
Møre og Romsdal: rute vinter 2009

Kulturprogram

Dei fleste plassane er det kulturpogram om bord på båten. Nokre gonger er det forfattarar som fortel frå bøkene sine, andre gonger er det musikk, teater, klovnar eller sirkus!

Kulturprogramma er retta mot born og passar for heile familien.

Hordaland: kultur våren 2009
Sogn og Fjordane: kultur hausten 2009
Møre og Romsdal: kultur vinter 2009