Hordaland

20121116_092917

Sørturen - fredag 26. februar til og med mandag 7. mars.

269-dagar

«269 dagar»

«To hundre og sekstini dagar med regn.

Han ser lauvet falla som kalenderark frå trea.

To hundre og sekstini dagar.

Og kvar gong det regnar, saknar han sin beste ven.»

 

« … ei nydeleg og litt trist forteljing om venskap.

Om det å oppleva at bestevennen flyttar,

om historia dei har hatt i lag og om saknet og lengta

og om regn. Masse regn. Og eit nytt

håp. …

 

Forfattaren Roald Kaldestad og musikaren Roy Ole Førland formidlar den vakre og poetiske boka «269 dagar» av Roald Kaldestad, vakkert illustrert av Bjørn Rune Lid. Boka vert formidla som ei live lydbok, med illustrasjonane på storskjerm, opplesing, musikk og lydkulisser.

 

Framsyninga høver for barn frå 5 år


Nordturen - tysdag 8. mars til og med torsdag 17. mars.

«hockeysveisHockeysveis fører til dårlige rim» Lazze er frisør, elskar dansebandmusikk og er spesialist på å klippe hockeysveisar. Kyrkjehockey, bursdagshockey, gravferdshockey og så vidare. Han klipper ikkje berre hockey på menn, men òg på kvinner og barn. Lazze er ekspert på å rime, men viss han er sur eller stressa, vert rima frekke og stygge. «Din feite sau, skulle ønske du var dau,» seier han til ein kunde. Lazze mistar si elskede Gunn på grunn av desse frekke dikta. Ein dag kjem Gunn til byen for å hjelpe bestemora si. Då vert Lazze veldig glad, og prøver å vinne attende Gunn. Framsyninga «Hockeysveis fører til dårlige rim» tek utgangspunkt i boka med same tittel. Forfattaren formidlar boka med utgangspunkt i illustrasjonane, dikta og relevant dansebandmusikk. Framsyninga vert tilpassa litt etter aldersamansetninga på tilhøyrarane. Kort på toppen og langt i nakken.

  • Et hode uten hockey er et hode uten glede, sier Lazze.
  • Med hockeysveis blir en god dag bedre. En dårlig blir bra.

 

Programmet høver for alle frå 5 år.