Møre og Romsdal

Kulturprogram frå 21.-25.01.2019: Gal mann på rett stad!

Reidar Kjelsen eig ikkje hemningar, men likevel får han lov til å boltre seg fritt i barnebøkenes verden. Han påstår at damer er det slemmaste som finns. Han har skrive bøker om Satans naive son, revar som lev under vatn og om å ete bæsj. Totalt har Reidar gjennomillustrert rundt 50 bøker, 15 av dei har han skrive sjølve. Dei siste åra har han hatt over 4000 forestillingar på skular og bibliotek, på tross at at alle som inviterar han ber om bråk!

Reidar har vekse opp på vestlandet, og fekk ikkje kline før han var 19 år. Han har ei idrettskarriere som begrensar seg til eit par sjølvmål, og var ein sjenert outsider på Kunst- og handtverksskulen. I militæret arbeida han for mjuke verdiar. I dag er han gal mann på rett stad!

Reidar vil sjekke stemninga ombord før han bestemmer seg kva forestilling vi får sjå. Kanskje vil han snakke om damer og demonar, der vi får høyre Reidar sine eigne erfaringar med kor slemme damene kan vere. Eller han vil prøve seg på standup for dei aller minste, med forestillinga «ÆSJ!»? Uansett blir det bråk, liv og røre og full fart!

Målgruppe: Frå 3 år

 

 

 

 

 

 

Kulturprogram frå 28.01-01.02.2019: Askeladden med Torunn Tusj

Torunn Tusj tek oss med på ei interaktiv fortellerstund om Askeladden og andre karakterar frå eventyra. Ved hjelp av nokre overraskande verkemiddel engasjerast både barn og vaksne. Mykje spanande kan skje når Torunn er med på bokbåten!

Torunn er utdanna ved institutt for musikk- og teatervitenskap ved UiO, og har arbeida som teatermakar sidan 1996.

Målgruppe: Frå 3 år

 

 

 

 

 

Kulturprogram frå 04.-08.02.2019: Verdens verste show!

Marius Horn Molaug brukar sine verste opplevingar til å skrive barnebøker. Det som er aller verst kan nemleg også bli aller mest morosamt! I barnebokserien «Verdens verste» skjer nesten alltid det verste. Hovudpersonane Ruben og Kent havnar midt oppi fæle situasjonar, og må bruke all sin fantasi for å komme seg heilskinna ut av det. Verdens verste show inneheld opplesing frå bøkene, tøysete teikningar på skjerm og dialog med ungane. Dette blir ein halvtime med mykje latter og glede for store og små!

Marius er teikneserieskapar, forfattar og redaktør. Han har hatt mange forestillingar på skular og bibliotek rundt om i landet.

Målgruppe: Frå 5 år