51 stader rundt om i Hordaland skal snart på nytt få besøk av bokbåten Epos. Ivrige barn og vaksne strøymer til når bokbåten kjem. For med bokbåten følgjer bøker, litteraturformidling og kulturell underhalding for små og store.
Her finn du heile ruta
Følg gjerne bokbåten på Facebook og Instagram
Vi blir også glade om du vil dele bokbåtopplevinga di med oss: #bokbatenepos
Første stopp for bokbåten blir på Strøno onsdag 18. mars. (foto: Sigrid Furnes)
I vår er det søre del av fylket som får besøk først, med start på Strøno 18. mars.
Hausten 2014 tok Hordaland fylkesbibliotek opp igjen ein tidlegare tradisjon med kveldstilbod til vaksne. Med prosjektet «Romanar i flyt» fekk Feste og Øystese besøk av forfattarane Chris Tvedt og Marit Eikemo, som i samtale med Alf Kåre Blindheim skapte kulturhusstemning på stoppa. I vår held prosjektet fram med forfattartreff på Hellesøy fredag 10. april. Denne gongen er det Monika Yndestad som skal samtale med Blindheim. Bokbåten utgjer ei intim og veleigna ramme rundt desse samlingane. Vi håpar å halde fram med tilbod som dette etter at prosjektperioden er ferdig, kan hende som eit samarbeid med dei lokale biblioteka.
Barna får eit godt kulturtilbod om bord i bokbåten. (foto: Sigrid Furnes)
Barna får som vanleg eit godt kulturtilbod. På sørturen er det forfattar og illustratør Reidar Kjelsen, som med humor og glimt i auge utfordrar autoritetar og fortel om yrket sitt. Uttrykket til Kjelsen er røft og uslipt – og målsetjinga med opplegget er å gi barna auka leselyst, spesielt dei gutane som ikkje trur at bøker er tøft.
På nordturen er det Ostereidet som først får besøk, 8. april. Sceneforteljar Liv Brita Brodal har laga ei forteljing om korleis det gjekk då dyra på garden oppsøkte biblioteket. Ei forteljing som alle frå 3 år kan ha glede av å sjå. Forteljarprosjektet hennar har motteke utviklingsstønad frå Norsk Scenekunstbruk, Kulturrådet og Fritt Ord.
Også i år vert det kulturskulekonsert i Gammersvik.
Velkomen om bord!