Nordturen er i gang

Sjølv om nordturen startar på ein grå og trist onsdag, er det god stemining om bord i bokbåten Epos.

 

Dagen startar med stopp på Hjellvikvåg og på Ostereidet.

Med oss om bord har vi Magnus Holm med programmet «Roboter».

For kring 60 år sidan var robotar rein fantasi. I dag finnast det robotar nesten over alt. I dette programmet får du vete alt om desse robotane. Forfattaren Magnus Holm synest nemleg robotar er så spennande at han har skrive ei heil bok om dei. Han les høgt frå boka, viser bilete og fortel om nokre av dei beste, raraste og mest spennande robotane som finst.

Alder: frå 5 år.

På Åsgard fredag 6. april kl. 19.00 vert det høve til vandring gjennom Jakob Sande si dikting med Torodd Fagerheim.

Han les, fortel og spelar trekkspel i programmet sitt om den folkekjære diktaren frå Sunnfjord. Allsong vert det og høve til å høyre meir ukjende songar og tekstar av forfattaren.

”For meg er Sande bygdemannen som gjev utkantfolk oppreising. Han skildrar ikkje berre land og folk. Jakob stig fram som ein logande rettferdsdiktar. Med spit, overdriving og harme langar han ut språklege knyttnevar mot maktmenneska.»

Tilskipinga er gratis.