Om bokbåten

Bokbåten er eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland og Møre og Romsdal. Sogn og Fjordane var også med i dette samarbeidet i over 50 år, men måtte avslutta bokbåttenesta hausten 2015, p.g.a. nedskjeringar i den fylkeskommunale økonomien.
To gonger i året besøker Epos både øyar ytst i havgapet og bygder inne i fjordane. I Hordaland har kvart stopp ein kontaktperson som tek i land 200 – 400 bøker og lydbøker. Denne samlinga fungerer som eit bibliotek på staden til bokbåten kjem att neste gong. I Møre og Romsdal er det skular og barnehagar som er lånarar på stoppa i skuletida. På familiestoppa (ettermiddag og helg) er lånarane registrert som privatpersonar som i eit vanlig bibliotek. Lånarane kan levere tilbake bøkene på kva bibliotek som helst i heile landet, eller ein kan velje å behalde bøkene til neste bokbåtbesøk.
Det er stor stas når bokbåten kjem. Skuleklassar eller heile skular kjem om bord i båten. Born og eldre er dei største brukargruppene.
Dei fleste plassane er det kulturpogram om bord på båten. Nokre gonger er det forfattarar som fortel frå bøkene sine, andre gonger er det musikk, teater, klovnar eller sirkus! Kulturprogramma er retta mot born og passar for heile familien.
Starta med «Abdulla»
Frå hausten 1959 vart bokbåten eit tilbod til folk i Hordaland. Dei første åra var det ei skute med namnet «Abdulla» som sørga for bøker og kultur. I 1963 tok den 80 fot lange bokbåten Epos over.
I dag er Epos eigd av Vinnes Skyssbåtservice AS. Båten blir leigd inn som bokbåt i haust og vintersesongen, og fungerer elles som turistbåt.
Epos blei bygd i 1963 ved Oma i Strandebarm og er 80 fot.
Jubileumsskrift - Bokbåten 50 år
Har du problem med å lese teksten?