Vinterturen i dei tre Vestlandsfylka er over for i år

10499260_1602551563321212_1032450725_n

Ein vellukka vintertur i dei tre Vestlandsfylka er over, og i Sogn og Fjordane har det vore rekordutlån og rekordbesøk. Bokbåten Epos si siste reis i fylket vart ei heidersreise. Mange ville vise sin vørdnad for båten som har frakta bøker og kultur kring i fylket i meir enn ein mannsalder. Det er vemodig når bokbåten ikkje lenger skal gå i dette fylket.

Vi ynskjer god sommar til alle som brukar bokbåten og som gler seg over at den framleis skal få reise rundt i Møre og Romsdal og i Hordaland.